Nanchang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå Bayiplassen i Nanchang
Plasseringa av Nanchang i Jiangxi.

Nanchang (hanzi 南昌, pinyin Nánchāng) er eit kinesisk byprefektur som er provinshovudstad i Jiangxi i det søraustlege Kina. Prefekturet har eit areal på 7 402 km², folketalet vart i 2010 berekna til 4,97 millionar. Innanfor bygrensene budde i 2004 i kring 1,89 millionar menneske.

Nanchang omfattar fem bydistrikt og fire fylke.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Nanchang er eit regionalt midtpunkt for jordbruksproduksjonen i Jiangxi. Ris og appelsinar er dei største salsvarene. Ford Motor Company har ein fabrikk i Nanchang, og samarbeider med Jiangling Motor om bygging av varebilen Ford Transit.[1] Fleire av industriverksemdene er sysselsett med delproduksjon til fly- og bilindustrien, metallurgi, elektromekanikk, samt med tekstil, tradisjonell kinesisk medisin og farmasøytika.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under Han-dynastiet vart byen Gan bygd her ca. 201 f.Kr. I 589 e.Kr., under Sui-dynastiet fekk byen namnet Hongzhou og noko seinare dagens namn; Nanchang.

1900-talet vart byen kjend for si rolle for kommunististrørsla. Her gjennomførte kommunistane under leiing av Zhou Enlai den såkalla Nanchangoppstanden som braut ut 1. august 1927. Datoen 1. august vart seinare erklært som grunnleggingsdag for Folkets Frigjeringshær.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]