Pippi Langstrømpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inger Nilsson opptrer som Pippi Langstrømpe i 1972.

Pippi Langstrømpe (svensk Pippi Långstrump), er ein av Astrid Lindgrens mest omtykte litterære figurar. Bøkene om denne merklege jenta og venene hennar, Tommy og Annika, er omsette til 57 ulike språk.

Pippi (Pippilotta Viktualia Rullgardina Krusmynta Efraimsdatter Langstrømpe) er ei uvanleg jente, og særleg på 1940-talet, då bøkene kom ut. Ho er verdas sterkaste, har frekner og raude fletter som står rett ut, seier vaksne imot og er uoppdregen, bur i eit hus kalla Villa Villekulla saman med den prikkete hesten sin Lilla gubben og apekatten sin, Herr Nilsson. Ho et krumelurpiller, mor hennar er i himmelen og far hennar er konge på ei sørhavsøy og ho har ei veske full med gullpengar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vinteren 1941 låg sjuåringen Karin Lindgren, sjuk med lungebetennelse og ho bad mor si fortelje ei historie om «Pippi Långstrump». Jenta hadde ei fantasifull mor som byrja å fortelje, og i den følgjande tida voks forteljingane og kom til å more både dottera og venene hennar, men det tok ei tid før historiene vart skrivne ned. Det var først tre år seinare, då Astrid Lindgren hadde vrikka foten, at ho sette seg ned og skreiv ned historiene, tenkt som ei fødselsdagsgåve på tiårsdagen åt dottera.

Ho sende likevel manuset inn til Bonniers förlag, men det vart refusert. Eit år seinare sende ho det inn til ei barneboktevling som Rabén & Sjögren arrangerte og vann førstepremien. Bøkene om Pippi Langstrømpe vart illustrerte av Ingrid Vang Nyman.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Pippi Långstrump (1945), på norsk: 1946 Pippi Langstrømpe
  • Pippi Långstrump går ombord (1946), på norsk: 1947 Pippi Langstrømpe går ombord
  • Känner du Pippi Långstrump? (1947), på norsk: Kjenner du Pippi Langstrømpe?
  • Pippi Långstrump i Söderhavet (1948), på norsk 1948 Pippi Langstrømpe går til sjøs
  • Boken om Pippi Långstrump (1952) (Samling av Pippi Långstrump, Pippi Långstrump går ombord og Pippi Långstrump i Söderhavet), på norsk: Den store boken om Pippi Langstrømpe
  • Pippi flyttar in (1969), på norsk: Pippi flytter inn
  • Pippi ordnar allt (1969)
  • Pippi är starkast i världen (1970)
  • Pippi håller kalas (1970)
  • På rymmen med Pippi Långstrump (1971)
  • Pippi Långstrump har julgransplundring (1979)
  • Pippi Långstrump i Humlegården (2000)
  • Pippi Långstrump på Kurrekurreduttön (2004). (Teksten frå Pippi Långstrump i Söderhavet, 1948, i utval av Karin Nyman; illustrasjonar: Ingrid Vang Nyman.)

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • Pippi Långstrump (1949) Regi: Per Gunwall
  • Pippi Långstrump (1969) Regi: Olle Hellbom
  • På rymmen med Pippi Långstrump (1970) Regi: Olle Hellbom
  • Pippi Långstrump på de sju haven (1970) Regi: Olle Hellbom
  • The new adventures of Pippi Longstocking (Pippi Långstrump starkast i världen) (1988) Regi: Ken Annaskin
  • Pippi Långstrump (1997) (teikna)
  • Pippi i Söderhavet (1999) (teikna)

I Olle Hellbom sine filmar vert Pippi spelt av Inger Nilsson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]