Villa Villekulla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Huset som blei brukt som Villa Villekulla då Pippi-bøkene blei filma. (Foto: Christian Koehn)

Villa Villekulla er eit hus som finst i Astrid Lindgrens bøker om Pippi Langstrømpe. Pippi bur i Villa Villekulla saman med apekatten Herr Nilsson og hesten Lille gubben. I grannehuset bur Tommy og Annika. Her søv ho med føtna på hovudputa, bakar pepparkaker på golvet og finn skattar på loftet. Utanfor huset står eit tre som ein kan plukke brusflasker av.