Piz Ela
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Piz Ela | |
| fjell | |
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Albulafjella |
| høgd | 3 339 moh |
| koordinatar | |
| Førstestiging av | - |
| - dato | 1865 |
Piz Ela er eit 3 339 meter høgt fjell i Albulafjella i kantonen Graubünden, mellom Bergün og Savognin.
Nest etter Marmolata i Dolomittane er Piz Ela den høgste fjelltoppen av dolomittstein, og såleis det høgste dolomittfjellet i dei sveitsiske alpane.
Fjellhytta Ela-Hütte på 2 252 moh er vanlegaste utgansgpunktet for ei bestiging av fjelltoppen. Ei oppstiging som langs alle ruter er heller krevjande. Fjellet ligg midt i Parc Ela, ein 600 kvadratkilometer stor naturpark, oppretta i 2006.
Restar av prosauropodar og sauropodar er dei seinare år påvist i bergarten Hauptdolomit. Desse stammar frå slutten av trias og er rundt om kring 210 millionar år gamle.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Piz Ela» frå Wikipedia på tysk, den 14. mars 2010.