Planeten Vulkan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vulkan (fransk Vulcain) var ein hypotetisk planet som i teoriar vart plassert mellom Merkur og Sola for å kompensere for uregelvissa i planetbanen til Merkur. Observasjonar av Merkur viste at han ikkje oppførde seg slik ein forventa utfrå Newtons gravitasjonslov, og den franske matematikaren og astronomen Urbain Jean Joseph Le Verrier føreslo i 1859[1] at det kunne vere ein uobservert planet som kunne verke inn på Merkur. Det viste seg seinare at den uventa banen til Merkur lét seg forklare med Einsteins nye generelle relativitetsteori (1915), og teorien om Vulkan vart lagd bort.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.