Pleiadane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fargebilete av Pleiadane frå Digitized Sky Survey-prosjektet.
Pleiadane, òg kjende som M45 (Messier 45) og dei sju systrer eller subaru (japansk) er ein open stjernehop i stjernebiletet tyren. Han er blant dei næraste stjernehopane, med ein avstand på 440 lysår, og er den aller mest synlege på nattehimmelen.
Hopen er dominert av varme, blå stjerner som har blitt danna innanfor dei siste 100 millionar av år. Romstøv som dannar ei refleksjonståke rundt dei lysaste stjernene var først tenkt å vera rester etter danninga av stjernene i hopen; men no veit ein at refleksjonståka er ei sky av romstøv som stjernene i pleiadane for tida passerer gjennom. Astronomar estimerer at hopen vil overleva for endå 250 millionar år; sidan vil gravitasjonspåverknadar frå det galaktiske nabolaget ha drege han sundt.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pleiades (cluster)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. februar 2008.