Atlas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Atlas er samlingar av kart som kan visa geografiske trekk, stadnamn og politiske grenser, og gjerne også geopolitisk, sosial, religiøs og demografisk statistikk. Dei er tradisjonelt blitt gjevne ut i bokform, men er i nyare tid også blitt laga for datamaskinbruk på CD-ROM og Internett.
Historikk[endre]
Den første boka som kan kallast eit atlas blei laga etter utrekningane til geografen Klaudios Ptolemaios, som levde i Alexandria rundt år 150. Den første utgåva blei gjeven ut i Bologna i 1477, og var illustrert med 27 kart.
Ordsoge[endre]
Nemninga «atlas» er knytta til titanen Atlas, som i gresk mytologi bar himmelen på skuldrene sine.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Atlas (oppslagsverk)» frå Wikipedia på bokmål, den 13. februar 2008.