Plješevica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plješevica
Lička Plješivica sett frå Gola Plješivica
Lička Plješivica sett frå Gola Plješivica
Høgd over havet 1 657 m
Ligg i/på Kroatia
Fjellkjede Dei dinariske Alpane
Koordinatar 44°45′N 15°45′E

Plješevica, stundom kalla Lička Plješivica, er eit fjell i Kroatia, på grensa til Bosnia-Hercegovina og ein del av Dei dinariske Alpane. Fjellet strekker seg frå ein fjellovergang mellom Plješevica og Mala Kapela i nord, langs Krbavasletta i vest og Una i aust, og sørover til Gračac i nærleiken av Velebit.

Dei høgaste toppane:

  • Ozeblin på 1 657 meter, i sentrale delar av fjellet.
  • Gornja Plješevica på 1 649 meter, i den nordlege delen.
  • Plješevički Kabao på 1 618 meter, i den nordlege og sentrale delen.

I tillegg er det fleire toppar som strekker seg frå Plješevica, mellom anna Kremen på 1 591 meter i sør og Mrsin på 1 269 meter i nord.