Plymouth på Montserrat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plymouth delvis dekt av lava.
Utsyn over Plymouth i juli 1997. Vulkanutbrotet har øydelagd byen.

Plymouth er den forlatne hovudstaden til den karibiske øya Montserrat, eit britisk oversjøisk territorium. Byen blei evakuert i 1997 på grunn av vulkanutbrot, og har sidan vore eit avsperra område. Administrasjonen av øya blei flytt til Brades, men Plymouth blei verande de jure hovudstad.

Plymouth var opphavleg hamnebyen, handels- og administrasjonssenter for Montserrat.

Etter at vulkanen Soufrière Hills hadde hatt samanhengande utbrot frå 1995 byrja eit større utbrot 25. juni 1997, og byen blei beordra evakuert av styresmaktene 3. august. Fleire bygningar blei heilt eller delvis begravde av lava. Ingen har siden fått lov til å flytte tilbake, og dei 3 500 innbyggjarane har flytta til den nordlege delen av øya, til naboøyar i Karibia, til Storbritannia eller USA.

Byen er stengd for folk, men ein kan sjå han frå Montserrat Volcano Observatory, Jack Boy Hill, Garibaldi Hill og frå sjøen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Plymouth på Montserrat

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.