Podkasting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Podkasting er ein måte å publisere lydopptak på Internett som kan abonnerast på ved hjelp av RSS. Ordet podkasting kjem frå engelsk podcasting, ei samanslåing av orda iPod og broadcasting (kringkasting).

Ein kan blant anna bruke nyare utgåver av programma iPodder, iTunes og Winamp til å abonnere på og finne slike podkastingar. Nettlesaren Opera har rss-lesar innebygd og viser lenkjer til filene som ein deretter kan opne direkte, lagre som bokmerke eller lime inn i favorittspelaren. Det finst i dag et breitt utval av spelarar som kan opne lydfiler over HTTP.

NRK starta hausten 2005 med å podkaste visse radioprogram.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]