Polaritet i fysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Polaritet eller polarisasjonsretning for ein magnet blir gjeve ved å sei kva for ein pol som er nordpol og kva for ein som er sørpol. Eit polarisert dielektrikum har positiv polaritet på den sida der det er overskot av positiv ladning. For ein elektrisk likestraumskjelde blir gjeve polariteten for tilkoplingsklemmene (straumuttaka) med + for den høgaste og - for den lågaste spenninga. Når ein slik kjelde koplast til ein lastmotstand, går straumen i lasta frå pluss til minus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

polaritet – fysikk. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/polaritet/fysikk