Politikaren Frode Jacobsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Politikaren Frode Jacobsen
Fødd5. august 1968 (55 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, journalist
FarArvid Jacobsen
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2021–)
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 2021–) Sjå dette på Wikidata

Frode Jacobsen (fødd 5. august 1968) er ein politikar frå Oslo. Han er sidan 2021 fyrste vararepresentant for Arbeidarpartiet frå Oslo, har møtt fast sidan Jonas Gahr Støre vart vald til statsminister 14. oktober 2021.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Jacobsen arbeidde i unge år som journalist i Aktuelt Perspektiv, i A-pressen og i Arbeiderbladet. Frå 1993 var han sekretær for Oslo-byråden Gro Balas. Våren 1995 gjorde avisa VG det kjent at Jacobsen stod bak eit titals falske kurssøknader til Oslo kommune medan han var økonomiansvarleg for AUF i Oslo. Han var permittert eit halvt års tid, før han byrja att i si stilling som byrådssekretær. Nokre månader i 1997 var Jacobsen politisk rådgjevar for finansministeren, Jens Stoltenberg. Same hausten fekk han jobb som rådgjevar for Arbeidarpartiet si bystyregruppe i Oslo. Frå 1999 var Jacobsen sjølv bystyremedlem i Oslo, sat som leiar av kontrollutvalet til 2015. Etter kommunevalet 2015 var han gruppeleiar for bystyregruppa då Arbeidarpartiet danna byråd med Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet dei Grøne.

På Stortinget er Jacobsen sidan juli 2023 nestleiar i Kontroll- og konstitusjonskomitéen, 2021–2023 var han medlem i Finanskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]