Polsko
Polsko er eit stykke av magnetisk blautt jarn som blir sett på endane av ein elektromagnet eller permanent magnet for å gje feltet mellom polane ei bestemd utforming. For å få homogent magnetfelt brukar ein polsko med parallelle endeflater. I ein vekselstraumgenerator blir rotoren utstyrt med polsko som er forma slik i tilhøve til statoren at straumen varierer sinusforma. I eit magnetisk spektrometer blir polskoa utforma slik at magnetfeltet virkar fokuserande på partiklane.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- polsko. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/polsko