Prawle Point

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn austover frå Prawle Point

Prawle Point er eit nes sør i Devon i England og det sørlegaste punktet i Devon.

Frå landsbyen East Prawle går det ein smal veg til ein liten parkeringsplass ved neset, som er eigd av National Trust. Sjølve neset består av høge klipper. Den nasjonale kystvakta har ein stasjon på neset.

Området er kjend som tilhaldsstad for hekksporven, som i Storbritannia berre finst i dette området.

Mange skip har forlist ved Prawle Point, sist gong i desember 1992 då skipet «Demetrios» frå Kina vart taua frå Dunkerue til Middelhavet for opphogging. Under eit uvêr i Den engelske kanalen, sleit skipet seg og «Demetrios» dreiv til Prawle Point der det gjekk på land og braut sund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 50°12′6″N 3°43′19″W