Preikestolen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Preikestolen med Lysefjorden nedanfor
Preikestolplatået

Preikestolen er eit lite fjellplatå på nordsida av Lysefjorden i Forsand kommune i Rogaland fylke, i landskapet Ryfylke. Preikestolen er eit kjend turistmål i regionen. Platået er tilnærma flatt, om lag 25x25 m og ligg 597 moh. På andre sida av fjorden ligg Kjerag.

Frå gammalt av hadde platået namnet Hyvlatånnå (høveltanna). Rundt 130000 personar vitja Preikestolen i løpet av de fire sommarmånadane i 2009. Det er god utsikt over Lysefjorden og heiane rundt frå platået.

Det var truleg ei frostsprenging for 10 000 år sidan som gjorde slik at Preikestolen vart danna. Kanten av isbreen låg da like oppfor fjellet. Preikestolen har ein fleire meter djup sprekk tvers over platået som truleg òg er eit resultat av frostsprengingar. Geologar har konkludert med at Preikestolen er trygg sjølv om mange utan årsak trur at fjellplatået vil falle ned når dei ser sprekken.

Ved byrjinga av stien inn til Preikestolen ligg Preikestolen fjellstue. Normal gangtid tur/retur parkeringsplassen ved Preikestolen fjellstue på sti er 1-2 timar kvar veg. Turen frå Preikestoeln fjellstue er 3,8 km med ein høgdeskilnad på 330 meter. Stien er utbetra med mellom anna gamle jernbanesviller over ei myr. Det er ikkje tilrådd å gå turen vinterstid med snø og isføre. Beste sesong er april til oktober. Minst folk er det tidleg og seint i sesongen. Det er parkering med avgift ved startpunkt.

[endre] Kjelder

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Preikestolen
Personlege verktøy
Namnerom
Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk