Lysefjorden i Ryfylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mot aust, frå området kring Preikestolen
Mot vest, ut fjorden. Biletet er tatt like vestanfor Kjerag
Mot nordaust, inn fjorden, frå Høllesli

Lysefjorden er ein sidefjord til Høgsfjorden i Forsand kommune i Rogaland. Fjorden er kjend for dei særs bratte fjellsidene med stader som Preikestolen og Kjerag. Fjorden er 39 km lang og er nesten 500 meter djup på det djupaste. I 2006 vart Lysefjorden vitja av 279 768 turistar[1].

I innløpet til Lysefjorden ligg Oanes og Forsand på kvar side av fjorden med kvar sin kai. Ved innløpet frå Høgsfjorden ligg ein stor morene, som gjer at fjorden er grunn akkurat her. Fjorden går vidare nordaustover, med bratte fjell på kvar side innover (på det meste 1000 meter høge fjellsider ved Kjerag), til Lysebotn inst i fjorden. Rett innanfor Forsand ligg Lysefjordbrua, som er den einaste brua over fjorden.

På sommarstid går det turistferje inn i fjorden kvar dag. Utanom høgsesongen på sommarstid går det rutetrafikk med hurtigbåt. Forsand, Oanes, Songesand og Lysebotn er tilknytt vegnett. Vegane til Songesand og Lysebotn er vinterstengde. Det går sti til dei mest mange av fjelltoppane, og det er merka samanhengande sti rundt heile fjorden, med ei lengd på til saman 14 mil[2].

På grunn av høge fjell og store innsjøar i heiane rundt Lysefjorden, har ein nytta vatnet til vasskraftproduksjon ned mot fjorden. Det første kraftverket var Flørli kraftverk som har ei fallhøgd på 740 meter. Flørli kraftverk nytta lenge ei røyrgate som gjekk ned langs fjellsida, og ein kraftstasjon som var godt synleg frå fjorden. Det nye kraftverket er bygd inne i fjellet. Det same er Lysebotn kraftverk og Tjodan kraftverk, som ligg inst i fjorden, ved Lysebotn. Samla gjev kraftverka straum til meir enn 100 000 innbyggjarar. Lysebotn og Flørli var stort sett busett av arbeidarar ved desse kraftverka, men nå har mange flytta grunna automatisering av kraftverka[3]. Skulehuset i Flørli har sidan 2006 vore bustad for kunstnarar frå utlandet[4], og bygda hadde i 2011 to fastbuande[5]. Frå Lysebotn og opp til Øygardsstølen stig Fylkesveg 500 900 høgdemeter gjennom ei rekkje av 27 hårnålssvingar.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

I 2006 vart Lysefjorden vitja av 279 768 turistar[1]. Med dette vart Lysefjorden og stadene langs Lysefjorden det mest vitja området i Rogaland i 2006. Preikestolen hadde 95 000 vitjande og Kjerag/Øygardstølen hadde 27 375. Lysefjordsenteret hadde 32 000 vitjande, medan Flørli hadde 4 000. Båtturar (ferje og hurtigbåt) i Lysefjorden var på 101 133.

Stader langs fjorden[endre | endre wikiteksten]

Stadane har kai eller er fjell og er nemnd i rekkefølgje innover i fjorden.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lysefjorden i Ryfylke

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Stavanger Aftenblad - Tirsdag 26. september 2006, del 2 side 17 - «Lysefjorden trekker flest»
  2. ut.no - Lysefjorden rundt
  3. www.lysefjordeninfo.no
  4. florliartlysefjord.wordpress.com
  5. www.tvvest.no