Programmeringsspråket Ada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå Ada for fleire tydingar av ordet

Ada er eit programmeringsspråk utvikla etter oppdrag frå den amerikanske regjeringa i perioden 1977-1983. Språket er både sterkt typa og statisk typa, og er eit imperativt programmeringsspråk. Frå og med 1995-standarden av Ada er det òg objektorientert.

Ada er kalla opp etter Ada Lovelace, som laga eit notat som forklarte korleis maskinen «Den analytiske maskinen» som Charles Babbage forsøkte å konstruere kunne programmerast. Ho kan derfor reknast som den første programmeraren.

Eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Ada er ein vidareutvikling av programmeringsspråket Pascal, men er kraftig utvida. Særleg er typesystemet sterkt vidareutvikla samanlikna med Pascal. Ada var og eit av dei første progarmerinsspråka som hadde støtte for fleirtråda programmering. Språket er sterkt og statisk typa, det vil seia at alle variablar må gjevast før bruk, og språket hindrar at variablar av ulike typar kan blandast. Både under kompilering og køyring blir det utført mange sjekkar, til dømes at indeksar er innanfor grensene. Eit viktig mål ved designa av Ada, var at så mange feil som råd skulle oppdagast så tidleg som råd.

Ada er først og fremst designa som eit språk for styresystem i fly, våpen og andre militære system, og har dei eigenskapane som trengst for slike system. Det vil vere mindre eigna for andre typar system, slik som administrative system.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Midt på syttitalet fann det amerikanske forsvaret ut at fleire hundre ulike programmeringsspråk var i bruk i ulike system, og dei frykta at dette ville vere uråd å vedlikehalde i framtida. Dei ønskte derfor å standardisere på eit språk.

Dei kom fram til med at ingen av dei dåverande programmeringsspråka oppfylte alle krava dei stilte til eit slikt språk. Dei lyste derfor ut ein konkurranse om å utforma det dei trengde. Fire grupper vart valt av dei innsende forslaga for å utarbeide eit meir komplett forslag, kalla opp med fargenamna red, green, blue og red. Green, designa av Jean Ichbiah, som jobba for Bull, vann konkurransen. I 1983 vart ein vidareutvikling av green standardisert av den amerikanske standardorganisasjonen ANSI.

Etter dette vart det påbode å bruke Ada i alle nye prosjekt i regi av det amerikanske forsvaret (the Ada mandate). Dette vart oppheva i 1997, fordi dei endra politikk til å i større grad bruke «hyllevare» (COTS/commercial off the shelf) frå kommersielle kjelder, uavhengig av kva programmeringsspråk det var basert på.

I 1995 vart standarden for Ada oppgradert, og blant anna konstruksjonar for objektorientert programmering vart lagt til. Ein tilsvarande utvida standard blir utarbeidd pr 2005, og vil truleg bli ferdig i 2006.


Programmeringsspråk

ABC | Ada | AFL | Agora | ALGOL | APL | Assembler | awk | B | BASIC | BETA | BLISS | C | C++ | C# | Caml | Cobol | Concurrent C | CSP | D | Delphi | Erlang | Forth | Fortran | Haskell | HyperTalk | Icon| INTERCAL | Java | Lisp | Miranda | ML | Modula | NIAL | Objektorientert C | occam | OCaml | O'Haskell | Pascal | Perl | PHP | Pike | PL/I | Plankalkül | Portal | Prolog | Python | R | Ruby | Scheme | Simula | Sina | Sisa | Smalltalk | SML | SNOBOL | Visual Basic