Prosent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Prosenttegnet

Prosent, representert ved teiknet %, tyder hundredel eller per hundre. Éin prosent er altså éin hundredel av ei viss mengd. Til dømes vil éin prosent av 100 vere 1, éin prosent av 1000 vere 10, osb.

Sjølv om prosent som regel blir skriven i intervallet null til hundre, er det òg mogleg med negative prosent ( −10 % av 42 er −4,2 ) og prosent større enn hundre ( 200 % av 42 er 84 ).

Merk at ein differanse mellom to prosentverdiar har nemning prosentpoeng. Dette medfører blant anna at standardavviket til verdiar målt i prosent skal ha prosentpoeng som nemning.

Utrekning[endre | endre wikiteksten]

Kor mange prosent x er av y, vert utrekna slik:

p = \frac{x}{y} \cdot 100

Kor mange p prosent av y er, vert utrekna slik:

x = \frac{p}{100} \cdot y

Typografi[endre | endre wikiteksten]

I løpande tekst tilrår det norske Språkrådet å skrive ut ordet prosent i staden for å bruke prosentteiknet. Skal ein bruke prosentteikn, til dømes i tabellar, er det tilrådd å ha eit heilt mellomrom mellom talet og prosentteiknet, sjølv om dette er omdiskutert. I engelsk typografi er det vanleg å droppe mellomrommet mellom talet og prosentteiknet, eventuelt å ha eit lite mellomrom.

Fallgruver[endre | endre wikiteksten]

Prosentrekning er i utgangspunktet ikkje spesielt komplisert, men det er likevel ei rekkje aspektar ein bør merke seg.

Prosentvis endring[endre | endre wikiteksten]

Det må skiljast mellom prosent av ei mengd og prosentvis endring av ei mengd. Døme:

  • 20 prosent av 500 er 100
  • 20 prosent auke frå 500 er ein auke frå 500 til 600
  • 500 redusert med 20 prosent er 400
  • Men legg vi 20 prosent på desse 400 igjen, får vi ikkje 500, men 480. No er det 400 som er utgangspunktet, ikkje 500.

Manglande referanse[endre | endre wikiteksten]

Ein prosent krev som regel ein referanse for å vere nyttig. Når det til dømes står «20 % mindre feitt» på eit matprodukt er det ikkje mogleg å vita utor dette utsegna kor mykje feitt det faktisk er i produktet. Når referansen ikkje er oppgjeve gjevast det òg rom for tolking av tydinga av utsegna. Er det 20 prosent mindre enn konkurrenten, 20 prosent mindre enn i fjor, 20 prosent mindre enn tilrådd dagsbehov, osb

Prosent og prosentpoeng[endre | endre wikiteksten]

Ei endring i prosent og i prosentpoeng er som regel svært ulikt. Sjå artikkelen om prosentpoeng.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]