Språkrådet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Språkrådet er staten sitt fagorgan i spørsmål om norsk språk. Språkrådet vart skipa 1. januar 2005, og avløyste då Norsk språkråd. Språkrådet skal arbeida for språkleg jamstelling med vekt på vern av norsk språk og på styrking av statusen til det norske språket i notid og framtid. Det gjeld både norsk språk generelt og den nynorske målforma spesielt. I tillegg skal Språkrådet ta omsyn til språkstoda som heilskap i landet, dvs. interessene til nordmenn med anna morsmål enn norsk. Språkrådet skal vidare observera og vurdera språkutviklinga i landet.

Stortinget slutta seg i 2003 til eit forslag om å omdanna Norsk språkråd til eit nasjonalt kompetansesenter for norsk språk. Ved brev frå Kultur- og kyrkjedepartementet 18. mai 2005 vart det fastsett at namnet skulle vera Språkrådet.

[endre] Leiing

Språkrådet har eit sekretariat som vert leidd av ein direktør, og sidan 2004 har Sylfest Lomheim vore direktør.

Språkrådet har deretter eit styre som er oppnemnt av departementet. I perioden 20062009 er styret sett saman av:

Medlemene i styret møtet i prinsippet som einskildpersonar, og ikkje som representantar for eit lag eller ein institusjon, slik tilfellet var med representasjonen i det gamle Norsk språkråd.

[endre] Fagråd

Språkrådet har fire fagråd som skal gje fagleg støtte til sekretariatet og styret:

  • Fagråd for samfunn og høgare utdanning

(leidd av Ingebjørg Sæbu)

  • Fagråd for skule og offentleg forvalting

(leidd av Åse Lill Kimestad)

  • Fagråd for normering og språkobservasjon

(leidd av Helge Dyvik)

  • Fagråd for terminologi og fagspråk

(leidd av Johan Myking)

Av desse fagråda er fagrådet for normering og språkobservasjon det som liknar mest på det som var fagnemnda i Norsk språkråd, men til liks med dei andre fagråda i det noverande Språkrådet har det berre ein rådgjevande funksjon.

[endre] Lenkjer ut

  • Språkrådet.no Nettstaden til Språkrådet (for nettlesarar som fylgjer standardar)
  • Sprakradet.no Nettstaden til Språkrådet (for nettlesarar som ikkje fylgjer standardar)
Bokstavar Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.

Sjå òg: Oversyn over språkspirer.

Personlege verktøy