Provinsen Última Esperanza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Regionskart. Última Esperanza i raudt.

Última Esperanza (spansk for «Den siste vona»), er den nordlegaste av dei fire provinsane i Región de Magallanes y de Antártica Chilena i Chile. Han har eit areal på 55 443,9 km2, og folketalet var på 19 855 i 2002. Provinsen er delt inn i to kommunar: Puerto Natales og Torres del Paine. I sør grensar provinsen til provinsen Magallanes, i nord til regionen Aisén del General Carlos Ibáñez del Campo.

Hovudstaden er bykommunen Puerto Natales. Provinsen er elles kjend for Torres del Paine nasjonalpark.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]