Provinsen Adana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Adana
Adana ili
region
none
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Middelhavsregionen
Hovudstad Adana
Areal 14 030 km²
Folketal 2 085 225 (2010)
Tettleik 149 / km²
Bilnummer 01
Retningsnummer 0322

Provinsen Adana (tyrkisk Adana ili) er ein provins i Tyrkia sør i det sentrale Anatolia. Med eit folketal på kring 2,1 millionar innbyggjarar er han den femte mest folkerike provinsen i Tyrkia. Det administrative senteret er byen Adana, der 78 % av innbyggjarane i provinsen bur. Provinsen høyrer geografisk, og øknomisk, til regionen Çukurova i lag med Mersin, Osmaniye og Hatay.

Provinsen Adana har eit areal på 14 030 km². Den sørlege delen av provinsen består av sletter, medan ein finn høge fjell i nord. Han grensar til Mersin i vest, Hatay i søraust, Osmaniye i aust, Kahramanmaraş i nordaust, Kayseri i nord og Niğde i nordvest.

Distrikt[endre | endre wikiteksten]

Distrikt Urbant Landleg Total
Seyhan 723,277 0 723,277
Yüreğir 417,693 4,836 422,529
Çukurova 343,770 4,171 347,941
Sarıçam 99,313 21,012 120,325
Karaisalı 7,465 15,516 22,981
Aladağ 4,139 13.030 17,169
Ceyhan 105,879 52,850 158,729
Feke 4,603 14,393 18,996
İmamoğlu 20,593 9.959 30,552
Karataş 8.483 12,777 21,260
Kozan 76,864 50,236 127,100
Pozantı 9,864 10,415 20,279
Saimbeyli 3,984 13,371 17,355
Tufanbeyli 5,376 12,696 18,072
Yumurtalik 5,129 13,531 18,660
Provins 1,836,432 248,793 2,085,225

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 37°22′06″N 35°42′22″E