Provinsen Carolina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provinsen Carolina 1663 og 1729, og den påfølgjande delinga i ein nordleg og ein sørleg del.

Provinsen Carolina, engelsk The Province of Carolina, var mellom åra 1663 og 1729 ein britisk koloni i Nord-Amerika. Provinsen vart delt 1729 i ein nordleg og ein sørleg provins som etter sjølvstendeerklæringane til USA vart delstatane Nord-Carolina og Sør-Carolina.

Provinsen Carolina var ein koloni i britiske Amerika, kontrollert av Lord Proprietors, eigarane, ei gruppe på åtte engelske adelsmenn, blant anna rikskanslaren Edward Hyde, og som vart uformelt leia av Anthony Ashley-Cooper, 1. jarl av Shaftesbury. Misnøye over styringa av provinsen førte til at ein stadsfortredande guvernør vart utnemnd for å administrere den nordlege halvdelen i 1691.

Delinga av ein nordleg og sørleg del vart endeleg i 1712, men begge kolonien vart verande hos den same gruppa av eigarar. Eit opprør mot eigarane braut ut i 1719 som førte til at det vart utnemnt ein kongeleg guvernør for Sør-Carolina i 1720. Etter bortimot eit tiår der den britiske regjeringa freista å kjøpe ut eigarane vart både Nord-Carolina og Sør-Carolina kongelege koloniar i 1729.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]