Provinsen New York
|
|||||||||||||||||||||||||||||||
Provinsen New York (1664–1775) var ein britisk kronkoloni som opphavleg omfatta det som i dag er dei USA-amerikanske statane New York, New Jersey, Delaware og Vermont, i tillegg til delar av Connecticut, Massachusetts og Maine, og det austlege Pennsylvania. Det meste av dette landområdet vart raskt kvittert av krona og gav området som i dag er delstaten New York.
Provinsen kom til då Provincie Nieuw-Nederland overgav seg og vart avstått av Dei sameinte Nederlanda til kongedømet England i 1664. Provinsen vart kalla opp etter Jakob, hertugen av York, bror til Karl II av England, kort tid etter. Territoriet var eina v Dei midtre koloniane, og vart først styrt direkte frå England.
New York-kongressen av lokale representantar erklærte seg sjølvstendige den 22. mai 1775, først omtalt som «staten New York» i 1776, og ratifisert i New York-konstiusjonen i 1777. Sjølv om britane heldt New York City under den amerikanske sjølvstendekrigen som militær- og politisk base under operasjonane deira i Nord-Amerika,[1][2] og ein britisk guvernør teknisk sett sat med embetet, vart det meste av den tidlegare kolonien halden av patriotane. Dei britiske krava på New York enda med Paris-traktaten i 1783.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Province of New York» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Schecter, Barnet. The Battle for New York: The City at the Heart of the American Revolution. Walker & Company. New York. October 2002. ISBN 0-8027-1374-2
- ↑ McCullough, David. 1776. Simon & Schuster. New York. May 24, 2005. ISBN 978-0743226714