Dei sameinte Nederlanda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Republiek der Zeven Verenigde Nederlanden / Zeven Provinciën
Dei sameinte Nederlanda
Blank.png
15811795 Blank.png
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Sameinte Nederlanda
Kart over Dei sameinte Nederlanda
Hovudstad Ingen, men de facto Den Haag.
Språk Nederlandsk (offisielt), frisisk
Styreform Republikk
Lovgjevande forsamling Generalstatane
Historisk periode Tidleg moderne tid
 - Avsvergingseida 1581
 - Opphøyrde 1795
Statsreligionen var de facto kalvinisme

Republikken Dei sameinte Nederlanda (nederlandsk Republiek der Zeven Verenigde Nederlanden/Provinciën, Republikken dei sju sameinte provinsane, òg kalla Den nederlandske republikken eller Dei sameinte provinsane; latin Foederatae Belgii Provinciae eller Belgica Foederata) var ein republikk i Europa mellom 1581 og 1795 om lag same stad som det moderne Kongedømet Nederland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før 1581 bestod området Nederlanda av fleire hertugdøme, grevskap og sjølvstendige bispedøme og ikkje alle av desse var ein del av Det tysk-romerske riket. I dag er dette området delt mellom Nederland, Belgia, Luxembourg og delar av Frankrike og Tyskland. Nederlanda utgjorde på 1500-talet om lag same området som Dei sytten provinsane dekte etter Den pragmatiske sanksjonen i 1549 av Karl V av Det tysk-romerske riket.

Gjennom giftarmål, krig eller sal, enda alle desse statane opp i hendene til Habsburg-keisaren Karl V av Det tysk-romerske riket og sonen hans, kong Filip II av Spania. I 1568 gjorde Nederlanda opprør omt Filip II, leia av Vilhelm I av Orange, sidan Filip II prøvde å modernisere og sentralisere den mellomalderske styreforma som gjekk i arv, innførte høgare skattar og forfølgde protestantar.[1] Dette var starten på åttiårskrigen.

I 1579 signerte fleire av dei nordlege Nederlanda Utrecthunionen der dei lovde å støtte kvarandre i forsvaret mot den spanske hæren. Dette var oppfølgd i 1581 av Avsvergingseida, der provinsane offisielt erklærte seg sjølvstendig frå Filip II.

Dei sameinte provinsane prøvde først å velje sin eigen herskar, og dei spurte hertugen av Anjou (1581-1583) om han kunne styre over dei. Seinare, etter mordet på Vilhelm av Orange (10. juli 1584), avslo både Henrik III av Frankrike og Elizabeth I av England tilbodet om å ta over området. Dronninga av England foreslo derimot å gjere om Dei sameinte provinsane til eit protektorat under England (Nonsuchtraktaten i 1585) og sende jarlen av Leicester som guvernørgeneral. Dette vart ikkje ein suksess og i 1599 vart provinsane ein republikk.

Ut frå eit økonomisk perspektiv gjorde Dei sameinte Nederlanda det langt betre enn forventa, noko som var overraskande for andre nasjonar, sidan dei ikkje var basert på ei kyrkje eller ein kongeleg leiar. Denne perioden vert i Nederland kalla gullalderen. Nederlendingane dominerte verdshandelen på 1600-talet, erobra eit stort kolonirike og hadde den største handelsflåten i den vestlege verda. Grevskapet Holland var den rikaste og mest urbaniserte regionen i Europa. Det vart utvikla ein moderne aksjemarknad i Nederlanda og dette var med på auke handelen ytterlegare. Den første aksjemarknaden vart oppretta i Rotterdam og seinare i Amsterdam. I Amsterdam fann moderniseringa av den finansielle institusjonen stad og den eldste aksjemarknaden som er basert på desse prinsippa eksisterer framleis her i dag. Banksystemet utvikla seg i Nederlanda, men vart raskt tatt opp i England og stimulerte den engelske økonomien.

Dei sameinte Nederlanda vart offisielt respektert med freden i Westfalen (1648) og varte fram til dei franske revolusjonsstyrkane invaderte landet i 1795 og oppretta ein ny republikk kalla Den bataviske republikken, som så vart erstatta av det franskkontrollerte Kongedømet Holland.

Nederlanda fekk sjølvstende frå Frankrike i 1813. I den engelsk-nederlandske avtalen frå 1814 vert namna «Dei sameinte provinsane i Nederland» og «Dei sameinte Nederlanda» nytta. I 1815 vart det slått saman med Austerriksk Nederland, Luxembourg og Liège (som utgjorde Dei sørlege provinsane) og vart Det sameinte kongedømet Nederland for å opprette ein sterk bufferstat nord for Frankrike. Etter at Belgia fekk sjølvstende vart staten til slutt kjend som Kongedømet Nederland, som framleis eksisterer i dag.

Mellom 1590 og 1712 hadde nederlendingane òg den mektigaste marinen i verda. Dette gjorde at dei kunne erobre områda dei gjorde og utfordre makta til Portugal i Vestindia og Orienten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Dutch Republic» frå Wikipedia på engelsk, den 14. februar 2008.
  • Reynolds, Clark G. Navies in History. Annapolis: Naval Institute Press, 1998
  • Israel, J.I. The Dutch Republic: Its Rise, Greatness, and Fall 1477-1806 Oxford: Clarendon Press, 1995
  1. Pieter Geyl, History of the Dutch-Speaking Peoples, 1555-1648. Phoenix Press, 2001, s. 55.