Puckbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Puckbukta og Helahalvøya
Puckbukta og Helahalvøya sett frå satellitten Landsat i 2000
Kitesurfarar, strand i Puck

Puckbukta (polsk Zatoka Pucka; kasjubisk Pùckô Hôwiga), historisk kalla Putzigbukta (tysk Putziger Wiek), er ei grunn bukt vest i Gdańskbukta sør i Austersjøen, utanfor kysten av Pommerellen i Polen. Mellom bukta og det opne havet ligg Helahalvøya.

Bukta har stort sett eit djup på 2 til 6 meter. Det er ein grunn sandbanke frå Rewaneset til Kuźnica midt på Helahalvøya. Sidan ho er så grunn kan berre små fiske båtar og andre fritidsbåtar køyre her, og desse må halde seg til dei djupare områda. Det er førekomstar av kaliumsalt under Puckbukta.

Dei største byane her er Puck, Jastarnia og Hel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Puckbukta