Putrajaya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Putrajaya
none
Offisielt namn: Federal Territory of Putrajaya
Wilayah Persekutuan Putrajaya
ولايه ڤرسكوتوان ڤوتراجاي (Jawi)

布特拉再也
布城

Land Flag of Malaysia.svg Malaysia
Grunnlagd 1995
Nettstad: www.putrajaya.gov.my

Putrajaya er administrativ hovudstad i Malaysia. Han er ein planlagd by grunnlagd 19. oktober 1995 etter at regjeringa vedtok å flytta frå Kuala Lumpur, som framleis er offisiell og lovgjevande hovudstad i landet. Putrajaya fekk status som føderalt territorium den 1. februar 2001. Ved folketeljinga i 2010 hadde byen 67 964 innbyggjarar.[1]

Byen har namn etter den første statsministeren i Malaysia, Tunku Abdul Rahman Putra. Putra betyr 'prins' på malayisk og jaya betyr 'siger' eller 'suksess'. Byen blei laga på ein stad som då heitte Prang Besar under statsminister Mahathir Mohamad.

Putrajaya ligg mellom Kuala Lumpur og Kuala Lumpur internasjonale flyplass i eit område som blir kalla Multimedia Super Corridor (MSC). Byområdet har ei flatevidd på 49,31 kvadratkilometer, og er planlagd å ha eit folketal på 320 000. Sentralt i byen ligg ein kunstig innsjø, Putrajaya-sjøen. Byen har også mange grøne parkar.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Putrajaya

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Department of Statistics, Malaysia; Population and Housing Census of Malaysia 2010, Preliminary Count Report (pdf-fil) Lesen for Svensk Wikipedia 7. januar 2010.
  2. Perbadanan Putrajaya; About Putrajaya