Malaysia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
مليسيا
Malaysia

(norsk: Malaysia, malaysisk)

Det malaysiske flagget Det malaysiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Negaraku»
Motto Malaysisk: Bersekutu Bertambah Mutu (Einskap er styrke)
Geografisk plassering av Malaysia
Offisielle språk Malayisk
Hovudstad Kuala Lumpur
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Abdullah al-Haj
Anwar Ibrahim
Flatevidd
 – Totalt
 
330 803 km²
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
31 381 992 (42.)
95,1 /km² (88.)
Sjølvstende
 - Dato
Frå Storbritannia
31. august 1957
Nasjonaldag 31. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
813 500 mill. USD (28.)
27 800 USD (48.)
Valuta Ringgit
Tidssone UTC +8
Telefonkode +60¹
Toppnivådomene .my

¹ 020 frå Singapore

Malaysia er eit land i Søraust-Asia. Det har landegrenser til Thailand og Brunei i nord og Singapore og Indonesia i sør. Hovudstaden Kuala Lumpur ligg nordvest i landet. I hovudstaden Kuala Lumpur ligg den høgaste bygninga i verda, Petronas Towers. Dei to tårna er 88 etasjar eller 452 meter høge.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1948 starta ein geriljakrig som var initiert av kommunistar i den dåverande britiske kolonien Malacka, og kampane heldt på i drygt ti år. Britiske troppar lukkast i å sigre heilt over geriljaen militært. Det var fyrste gong i moderne tid dette hende. Ei medverkande årsak til dette var at ein tvangsflytta nær ein halv million menneske frå den kinesiske minoriteten i landet.

Då landet Malaya erklærte sjølvstende i 1957 var namnet på landet Føderasjonen av Melayulandet, ofte kalla Den malaysiske føderasjonen. I 1963 kom territoria Sarawak, Sabah og Singapore til, og landet bytte namn til Malaysia. I 1965 vart Singapore utelukka frå føderasjonen, og etter dette har tilhøva mellom dei to landa vore kjølige.

Sidan 1957 har Malaysia vore ein av medlemsstatane i Det britiske samveldet.

I 1981 vart Mahathir Mohamad statsminister og han heldt posten i 22 år fram til 2003, då Abdullah Ahmad Badawi overtok posten. Mohamad heldt landet i eit jerngrep. Etterfølgjaren hans har styrt landet på eit meir diplomatisk sett, og internasjonale kommentatorar har hylla moderniseringa hans av næringslivet i landet. Likevel er det framleis svært avgrensa pressefridom i landet.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Malaysia er bygt opp av 13 delstatar, og av dei er ni sultanat. I tillegg er tre forbundsterritorium (Kuala Lumpur, det nye regjeringssetet Putrajaya og øya Labuan). Delstatane Sabah, Sarawak, Penang (inkludert øya Penang) og Malakka vert forvalta av guvernørar som er utnemnde av sentralregjeringa.

Statsforma er konstitusjonelt monarki. Kongen vert vald frå rekkja av herskarar av dei ni sultanata kvart femte år.

Statsoverhovud i landet er kong Muhammad V av Kelantan. Statsminister er Mahathir Mohamad. Parlamentet heiter Dewan Rakyat og har 219 medlemer som er valde for fem år om gongen, i tillegg til regjeringa som er kalla Dewan Negara med 70 medlemer.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

På grunn av den sentrale geografiske plasseringa langs sjøhandelsvegen i Søraust-Asia og tida som britisk koloni er ein stor del av innbyggjarane i Malaysia av tamilsk eller kinesisk opphav. Dette har farga historia, samfunnet, kjøkenet og kulturlivet i landet. Urbefolkninga vert kalla orang asli ('opphavlege menneske') på malayisk.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Malayar (dvs. malay-malaysiarane, til skilnad frå tamilar og dei andre folkegruppene) er per definisjon muslimar. Størsteparten av tamilane er hinduar og størsteparten av kinesarane er buddhistar, men det er òg grupperingar som er kristne.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Malayisk (Bahasa Malaysia, bahasa tyder 'språk') er svært likt indonesisk. Tamilane snakkar i tillegg tamil og kinesarane for det meste kantonesisk, hokkien, hakka eller mandarin. Urbefolkninga er heterogen og snakkar fleire ulike språk.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Malaysia produserer bilen Proton.

Kart over Malaysia
(klikk på kartet for større versjon)

Klima[endre | endre wikiteksten]

Landet har eit tropisk klima som endrar seg lite gjennom året. Temperaturane held seg stort sett rundt 30-32 °C midt på dagen og rundt 22-25 °C om natta, men temperaturen minkar om lag 6 °C for kvar 1000 m i høgda. Den årlege middeltemperaturen i Cameron Highlands (1450 moh.) på Malayahalvøya er difor 18 °C.

Nedbøren er stort sett jamt fordelt gjennom året, men med ein liten auke i overgangsperiodane til monsunen i april-mai og oktober-november. I det store og heile kjem det ei regn- eller torebyge om lag annankvar dag. Unnataka er dei områda som møter vintermonsunen front mot front, som nordaustkysten av den malaysiske halvøya og nordlege og austlege delar av Borneo. Her kan ein få store nedbørsmengder (over 600 mm i månaden) frå november til tidleg på våren, og den årlege nedbørsnormalen er rundt 4000 mm.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]