Qian Sanjiang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Qian Sanjiang (19131992) var ein kinesisk kjernefysikar.

Han var direktør for Instituttet for atomenergi ved Vitskapsakademiet i Beijing. Han vart utdanna i Frankrike ved Curie-laboratoriet frå 1937 til 1944. Sanjiang leia forskingsprosjektet som førte til den første kinesiske atomsprenginga i 1964.

Han har skrive fleire vitskaplege publikasjonar og populærvitskaplege bøker. Saman med hustrua, Ho Zelian, som òg var ein dugande fysikar, utvikla han ein ny teknikk for sprenging av uranatom. Begge har vore sterkt engasjert i politikken.