Uran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
92 ProtactiniumUranNeptunium
Nd

U

Ubq
Uran i periodesystemet
Generelle eigenskapar
Namn, kjemisk symbol,
atomnummer
Uran, U, 92
Kjemisk serie Aktinid
Gruppe, periode, blokk 3, 7, f
Tettleik, hardleik 19 050 kg/m3, 6 (ikkje SI)
Utsjånad Sølvkvitt
Uran
Atomeigenskapar
Atommasse 238,0289 u (ikkje SI)
Atomradius (berekna) 175 pm
Kovalent radius (?) pm
Ioneradius 117 pm (ladning: +3)
van der Waals radius 186 pm
Elektronkonfigurasjon [Rn]7s25f36d1
Elektron per energinivå 2, 8, 18, 32, 21, 9, 2
Oksidasjonstrinn (oksid) +2, +3, +4, +5, +6 (svak base)
Krystallstruktur Ortorombisk
Fysiske eigenskapar
Tilstandsform Fast stoff
Smeltepunkt 1405 K (1132°C)
Kokepunkt 4091 K (3818°C)
Molart volum 12,49 cm3/mol
Fordampingsvarme 477 kJ/mol
Smeltevarme 15,48 kJ/mol
Damptrykk (?) Pa ved  K
Ljodfart 3155 m/s ved 20 °C
Diverse eigenskapar
Elektronegativitet 1,38 (Paulings skala)
Spesifikk varmekapasitet 120 J/(kg·K)
Elektrisk konduktivitet 3,8 MS/m
Termisk konduktivitet 27,6 W/(m·K)
Ioniseringspotensial 597,6 kJ/mol
1420 kJ/mol
Mest stabile isotopar
Iso-
top
Naturleg
førekomst
Halverings-
tid
 (ikkje SI)
NM NE MeV
(ikkje SI)
NP
232U (kunstig) 68,9 år α & SF 5,414 228Th &
233U (kunstig) 159 200 år α & SF 4,909 229Th &
234U 0,006% 245 500 år α & SF 4,859 230Th &
235U 0,72% 703,8 mill. år α & SF 4,679 231Th &
236U (kunstig) 23,42 mill. år α & SF 4,572 232Th &
238U 99,275% 4,468 mrd. år α & SF 4,270 234Th &
SI-einingar og STP er brukt unntatt der det er avmerka

Uran er eit radioaktivt, metallisk grunnstoff med kjemisk symbol U og atomnummer 92. Halveringstida er 4,5 milliardar år. Det høyrer til aktinida og dermed f-blokka i periodesystemet.

Uran blir brukt som drivstoff i kjernekraftverk, og sprengstoff i atomvåpen. Utarma uran blir brukt i panserbrytande ammunisjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Uran blir brukt som brennstoff i kjernereaktorar i kjernekraftverk (atomkraftverk). Varmen som oppstår ved fisjon av uran blir overført til eit kjølemedium (vatn, tungtvatn eller smelta natrium), som enten kan brukast direkte til å lage damp (kokevatnsreaktor) eller til å varme opp sekundært kjølevatn. I begge tilfella vert dampen nytta i ein dampturbin, som driv ein generator, som lagar elektrisk straum.

Uran blir òg brukt som sprengstoff i atomvåpen. Ei vanleg atombombe inneheld ei eller fleire subkritiske mengder uran som under detonasjonen vert samanføydd til ei kritisk mengde (d.e. at talet på partiklar som kjem frå ein fisjonsreaksjon og som har rett energi og skaper nye fisjonar, i gjennomsnitt er større enn 1), som då eksploderer spontant. Uran som skal brukast i atomvåpen må vera opprika uran, det vil seia at mengda av isotopen, 235U, er auka i forhold til den naturlege førekomsten.

I seinare år har somme produsentar av konvensjonelle våpen teke i bruk utarma uran i panserbrytande ammunisjon, av di uran er svært tett og tungt og kan bryta gjennom tjukt panser. Utarma uran inneheld i hovudsak den minst radioaktive isotopen 238U, men også små mengder av meir radioaktivt material. Bruken av utarma uran i konvensjonelle våpen er omstridd på grunn av den radioaktive forureininga som militært personell på begge sider – og naturen – blir utsett for.

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Viktige sambindingar[endre | endre wikiteksten]

Tryggleik[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til at uran er radioaktivt og dermed skadeleg, er uransambindingar kjemisk giftige. Dei kan særleg skada lever og nyrer.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]