RAIPON

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Samskipnaden for små urfolk i nordområda, Sibir og det russiske fjerne austen (russisk: Ассоциация коренных малочисленных народов Севера, Сибири и Дальнего Востока Российской Федерации) er interesseorganisasjonen til dei såkalla nordlege folka i Russland. (Forkortinga RAIPON kjem frå den engelske omsettinga Russian Association of Indigenous Peoples of the North.)

Etniske grupper som er organisert i RAIPON er samar, khantiar, mansiar, nenetsarar, enetsarar, nganasanarar, selkuparar, evenkarar, evenarar, negidalarar, ultsjarar, orokarar, orotsjarar, udegejarar, aleutar, inuittar, tsjuktsjarar, korjakar, itelmenarar, kerekarar, dolganarar, tofalararar, sjorarar, teleutar, tuvinarar, ketarar, nivkharar, jukagirarar, tazyar og tsjuvanarar. For eit oversyn over desse minoritetane sjå til dømes Arctic mirrors av Y. Slezkine[1].

RAIPON vart stifta i 1990, då Sovjetunionen braut saman. Den første presidenten var nivkharen Vladimir Sangi, etter han kom Jeremij Aipin, ein khanti, som også er kjend som forfattar.

RAIPON er permanent medlem i Arktisk Råd, og samarbeider med The Inuit Circumpolar Conference og Samerådet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Slezkine, Y., Arctic mirrors - Russia and the small peoples of the north, Cornell University Press, 1994.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]