Radiorøyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Radiorøyr.

Radiorøyr, vakuumrøyr eller elektronrøyr er ein elektrisk komponent med minst to hovudtilkoplingar. Desse vert kalla katode og anode. Radiorøyret kan leie elektrisk straum frå anoden til katoden (sjå straumretning). Bortsett frå i nokre eksotiske utgåver vert katoden varma opp slik at han sender frå seg elektron som virkar som ladningsbærarar for straumleidninga. Elektrodane finn seg i eit vakuum slik at luftmolekyl ikkje forstyrrar leidningsprosessen og katoden ikkje blir bombardert med molekyl eller ion. Kolben er oftast laga av glas som er røyrforma, derav namnet røyr. Katoden blir alltid varma opp ved hjelp av ein elektrisk straum gjennom ein metalltråd, kalla glødetråden eller filamentet. Tråden sjølv kan danne katoden («direkte gløding», energisparande, for batteridrift), eller glødetråden vert omgjeve av ein elektrisk isolert metallsylinder som mottar varmeenergien («indirekte gløding», som er meir robust og tilbyr ein katodetilkopling som er elektrisk uavhengig av glødesystemet).

Det enklaste radiorøyret er dioden. Namnet er gjeve av dei to tilkoplingane anode og katode. Namnet er samansett av dei greske orda di = 'to', og ode (frå odos) som tyder 'veg'. Nemninga likerettar for ein diode er òg i bruk, hovudsakleg for kraftbetraktning, i motsetnad til diode for signalbetraktning. Hovudeigenskapen til dioden er at elektrona utelukkande kan røre seg frå katoden til anoden slik at dioden kan leie straum i berre éi retning. Når geometrien og temperaturen til katoden er gjeve, blir straumengda utelukkande avgjort av spenninga mellom anode og katode.

Elektronstraumen i røyret kan styrast ved hjelp av eit gitter som blir sett mellom katoden og anoden. Dette gitteret blir kalla styregitter. Eit slikt radiorøyr blir kalla ein triode, der namnet er gjeve av at røyret har tre prinsipielle tilkoplingar. Ein triode kan, saman med andre komponentar, brukast til å forsterke energien av eit signal vesentleg, utan å forvrenge det i noka stor grad. Vitskapen og handverket som handsamar dette blir kalla elektronikk. Oppfinninga av trioden var banebrytande; før dette hadde energetisk signalforsterking vore svært avgrensa, eksotisk og plundrete.

For å forbetre dei elektriske eigenskapane til røyret i enkle forsterkartrinn vart fleire gitter etter kvart innført i røyret. Slik oppstod tetroden med to gitter (utvikla av firmaet Siemens i Tyskland under første verdskrigen) og seinare pentoden med tre gitter (utvikla av hollenderen Bernhard D.H. Tellegen i 1926). Dermed var utviklinga av radiorøyret som forsterkande element optimalisert. Fram til oppfinninga av transistoren var radiorøyr praktisk talt einerådande som aktive forsterkarelement.

At det i løpet av utviklinga vart sett fleire enn tre gitter inn i katode-anodestrekninga var avgjort ut frå ynskjet om spesielle funksjonar og enkle tekniske løysingar; fleire gitter forbetra ikkje eigenleg forsterkereigenskapane til røyra. Sjå dømesvis superheterodynmottakar.

Røyra vert enno namngjevne etter mengder elektrodar dei inneheldt. Hextode, heptode, oktode og enneode er dei følgjande namna for kvar eit gitter meir.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]