Ragdoll Productions

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ragdoll Productions Ltd. er eit britisk produksjonsselskap av barne-tv-seriar. Selskapet vart grunnlagt av Anne Wood i 1984, og har sidan produsert ei rekkje tv-seriar for born. Den mest suksessrike serien, Teletubbies, er vist i 111 land og omsett til 41 språk.

Produksjonar[endre | endre wikiteksten]

Nokre av produksjonane til Ragdoll er:

  • Pob's Programme, først send i 1985 i Storbritannia. Den første offisielle produksjonen til selskapet handla om Pob, ein slags trollunge med store øyre og ein ullgenser. Ragdoll laga seriar om Pob fram til 1988.
  • Playbox, først send i 1988, undervisingsprogram for førskulen.
  • Rosie and Jim, først send i 1990. Barnekomedie om to rampete filledokker som bur i ein kanalbåt og magisk blir levande når eigaren deira er borte.
  • Brum, først sendt i 1991. Handlar om ein liten bil som blir levande og reiser rundt i og rundt Birmingham. Serien vart ein suksess i Japan.
  • Open a Door, først send i 1992. Eit internasjonalt prosjekt som produserte femminuttersfilmar om born frå ulike land i heimemiljøet deira.
  • Tots TV, først send i 1993. Serien handlar om dokkene Tilly, Tom og Tiny. Tilly snakka fransk, og introduserte dermed eit andrespråk for britiske born. Serien vann to BAFTA-prisar.
  • Teletubbies, først send i 1997. Serien handlar om fire fargerike «teletubbies», Tinky Winky, Dipsy, Laa-Laa, og Po. Serien blei ein fenomenal suksess og blei seld til 120 land.
  • BadJelly the Witch, først send i 2000, ver ein teiknefilm basert på ei bok av Spike Milligan. Komikaren hadde tidlegare vore med i laginga av Pob.
  • Boohbah, først send i 2003. Eit trimprogram retta mot tre- til åtteåringar.
  • Drømmehagen (In The Night Garden), først send i 2007. Eit barneprogram meint for born mellom to og fire år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]