Rammeproblemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rammeproblemet er eit av dei store problema innanfor kunstig intelligens. I situasjonskalkulus, ein formell metode for å skildre føresetnader og verknader av handlingar ved hjelp av verknadsaksiom, er eit rammeaksiom ei utsegn om kva som ikkje vert endra av ei gitt handling. Rammeproblemet er å finne ein måte å logisk uttrykkje dynamiske domene utan å måtte eksplisitt framsetje kva som ikkje vert endra av alle handlingane - for store domene kan det krevje veldig mange rammeaksiom. John McCarthy og Patrick J. Hayes definerte dette problemet i artikkelen Some Philosophical Problems from the Standpoint of Artificial Intelligence i 1969. Seinare fekk det ei vidare tyding innanfor handlingsfilosofi og epistemologi, der det vert formulert som problemet med å avgrense kva for oppfatningar som må endrast etter handlingar.

Namnet kjem frå tradisjonell teiknefilmanimasjon, der ein teiknar dei figurane som rører på seg over ei bakgrunnsramme som er lik i kvart bilete.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.