Kunstig intelligens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kunstig intelligens (KI eller AI) er ei grein av informatikk som tek føre seg intelligent åtferd, læring og tilpassing i maskiner. Slike maskiner, som automatiserer oppgåver som skal krevje intelligent åtferd, kan t.d. vera kontrollsystem, automatisk planlegging, ekspertsystem som skal kunne diagnostisere problem eller svare på kundespørsmål; dei kan inkludere talegjenkjenning, skriftgjenkjenning og andletegjenkjenning.

Feltet har stor overlapping med datalingvistikk og kognitiv vitskap, i tillegg har mykje av det som no er rekna som «standardinformatikk» sitt opphav innanfor kunstig intelligens, t.d. stifinningsalgoritmar i grafar.

Andre felt som har vore viktige for kunstig intelligens er filosofi (spesielt sinnsfilosofi og logikk), matematikk, spelteori, økonomi, nevrovitskap, lingvistikk (spesielt semantikk), psykologi (spesielt kognitiv psykologi), kontrollteori og kybernetikk.

Retningar[endre | endre wikiteksten]

KI vert normalt delt opp i to retningar: konvensjonell / symbolsk KI og syntetisk intelligens.

Symbolsk KI er òg kjend som Good Old Fashioned AI (GOFAI) eller logisk KI, og baserer seg på logisk formalisme, maskinlæring og statistisk analyse. Nokre metodar innanfor denne retninga er:

Syntetisk intelligens, òg kjent som scruffy AI, konneksjonisme eller komputasjonell intelligens, baserer seg på iterativ utvikling og empirisk læring. Nokre metodar er:

Hybridsystem og systemintegrering, basert på ein kombinasjon av symbolsk og syntetisk KI, vert sett på som ei lovande retning av dei som vonar på «ekte KI». Nokre av desse metodane, som til dømes nevrale nettverk og genetiske algoritmar, vert òg studerte innan digital signalhandsaming.

Historie[endre | endre wikiteksten]

John McCarthy, oppfinnaren av programmeringsspråket Lisp, var den første til å nytte termen kunstig intelligens (artificial intelligence), ved Dartmouth-konferansen i 1956, der mange av pionerane møttest og utveksla idéar. I 1950 fann Alan Turing på ein måte å operasjonalisere intelligens med eit imitasjonsspel. Det som vart kjend som Turingtesten [1].

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.