Randers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Randers
Det gamle rådhuset i Randers med statuen av Niels Ebbesen i framgrunnen.
Det gamle rådhuset i Randers med statuen av Niels Ebbesen i framgrunnen.
Styresmakter
Land
Region
Danmark
Region Midtjylland
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2004)

55 739
Koordinatar 56°28′″N 10°03′″EKoordinatar: 56°28′″N 10°03′″E
Diverse anna
Heimeside: www.randers.dk
Plassering
Map DK Randers.PNG

Randers er ein by på Jylland, sentralt i Danmark. Han er den sjette største byen i landet med eit folketal på 55 739 (2004).

Randers er den einaste naturlege elvehamna i Danmark, og ligg ved breidda til elva Gudenå, om lag 10 km frå munningen hennar i Randersfjorden. Plasseringa av byen gjorde han til ein viktig handelsby, og lasteprammar på Gudenå og Nørreå transporterte varer til Randers frå Silkeborg og Viborg for vidare eksport, og i retur kom importerte varer.

Store jordbruksområde, gode transportvilkår på både land og vatn, hjelpte Randers å danne eit dynamisk senter for handel. Byen er kjend for alle vegane som fører til byen, og på dansk seier dei om byen «Hvor søvejen møder de 13 landeveje».

Randers vert òg kalla Kronjylland, og innbyggjarane vert kalla Kronjyde. Uttrykket Kronjyde vart først brukt av danske diktarar rundt 1750. Både Nicolai F.S. Grundtvig (1783-1872) og Hans Christian Andersen (1805-1875), og særleg Henrik Pontoppidan (1857-1943), som var fødd i Randers, brukte uttrykket.