Ravilja Agletdinova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ravilja Agletdinova
Statsborgarskap Sovjetunionen, Belarus
Fødd 10. februar 1960
Bokhtar
Død

25. juni 1999 (39 år)
Zhlobin

Idrett friidrett

Ravilja Agletdinova (10. februar 196025. juni 1995) var ein mellomdistanseløpar frå Kurgan-Tjube i Tadsjikistan som i 1986 vart europameister på 1500 meter. Ho representerte Sovjetunionen og var elles mor til Maryna Arzamasava.

I vaksen alder budde Agletdinova i Kviterussland. Ho deltok på 800 meter ved EM i friidrett 1982, utslått i semifinalen. Året etter kom ho, med tida 4.02,6, på fjerdeplassen på 1500 meter då den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett vart avvikla i Helsinki. 1985-sesongen vann ho både 800 og 1500 meter i Sovjet-meisterskapen. Under europacupen for landslag sigra ho på 1500-meteren med livsbeste 3.58,4. Same året presterte ho livsbeste 1.56,24 på 800 m. I 1986 triumferte ho på 1500 m under Friidretts-EM i Stuttgart, slo dei to andre medaljørane med over eitt sekund.

Ho kom tilbake på friidrettsbana i 1990 som Ravilja Kotovitsj og sprang inn til siger på 3 000 meter ved den sovjetiske meisterskapen. Eitt år seinare enda ho sist i finalen på 1500 m under verdsmeisterskapen i Tokyo.

39 år gammal omkom ho i ei trafikkulukke nær Zjlobin i Belarus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]