Raymond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mellomalderskildring av korleis ein fann den falne Raymond av Poitiers.

Raymond er eit engelsk mannsnamn og slektsnamn av germansk opphav. Det har norsk namnedag den 3. november.

Raymond er avleidd av gammalfransk Raimund, som igjen kjem frå gammalhøgtysk Raginmund. Namnet er sett saman av Regin (norr. rǫgn, 'gudar, høgare makter'), og -mund, 'vern, vernar'. Andre former av namnet er Reimund, Raymundo og Ramón. Ray er ei kortform.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet var brukt av normannarar som innførte det til Storbritannia. Det gjekk ut av brukt, men blei teke opp att på 1800-talet.

Raymond har vore brukt i Noreg sidan 1890-åra.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Raymond», A Dictionary of First Names, Oxford University Press 
  • «Raymond» i Store norske leksikon, snl.no.