Recep Tayyip Erdoğan
Recep Tayyip Erdoğan (fødd 26. februar 1954) er ein tyrkisk politikar og statsminister i Tyrkia sidan 14. mars 2003. Han leier «Partiet for rettferd og utvikling» (Adalet ve Kalkınma Partisi - AKP), eit parti som omtalar seg sjølv som «islamsk-konservativt».
Erdoğan er fødd i Istanbul. I 1985 var han leiar av Velferdspartiet i byen. Han var borgarmeister i Istanbul frå 1994 til 1998. Velferdspartiet vart forbode i 1998, fordi den påstått islamistiske ideologien til partiet streid mot det strenge skiljet mellom politikk og religion i den tyrkiske grunnlova. Frå mars til juli 1999 sona Recep Erdoğan fire månader av ei ti månaders fengselsstraff han vart idømd for å «oppeldna til religiøst hat».
Erdoğan og hans fløy av Velferdspartiet stifta AKP i 2001. Ved valet 3. november 2002 vart AKP det største partiet med 34,3 % av røystene. Det vann reint fleirtal i parlamentet. Erdoğan var ikkje kandidat ved dette valet, fordi straffedømde ikkje hadde høve til å stilla til val etter grunnlova. Abdullah Gül frå AKP vart mellombels statsminister. Grunnlova vart endra slik at Erdoğan fekk høve til å verta innvald i parlamentet, og 14. mars 2003 tok han over som statsminister.
Erdoğan er gift og har to søner og to døtrer.
| Føregjengar: Abdullah Gül |
Statsminister i Tyrkia (2003– )
|
Etterfylgjar: — |