Regalos del Sosiego

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regalos del Sosiego
Studioalbum av Ignacio del Pórtico
Utgjeve 21. juli 2015[1]
Innspelt April–juli 2015
i Posadas, Argentina
Sjanger
Lengd 35:02
Selskap Celiac Discos[2]
Produsent Ignacio Acevedo
Lucas Lichowski
Ignacio del Pórtico-kronologi 
Maquetas fisura
(2015)
Regalos del Sosiego


Regalos del Sosiego er det andre studioalbumet til den argentinske soloprosjektet Ignacio del Pórtico. Alle songane er komponert av mannen bak soloprosjektet, Ignacio Acevedo. Albumet, som er spelt inn på soverommet til Acevedo, kom ut 21. juli 2015, berre nokre månader etter debutalbumet Maquetas fisura.[1][3]

Regalos del Sosiego, som på norsk tyder «Gåver frå roa», fekk mykje god omtale etter utgjevinga. Songane vert omtalt som mjuke, drøymande, vakre og poetiske popviser.[3][4] Musikkbloggaren Rogelio Martinez meinte at albumet er utan tvil éin av dei største lydrevolusjonane i 2015, ikkje berre i Argentina, men heile Sør-Amerika.[2] Musikkanmeldaren David Segundo viser til at albumet er ei solid og imponerande utgjeving, med eit magnetisk lydbilete.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ignacio Acevedo.

Nr.TittelLengd
1.«Expreso a pilar»4:54
2.«Algo mejor»3:26
3.«Un árbol en mi ropero»3:45
4.«Antes de hablar»3:45
5.«Cataratas del paraiso»2:37
6.«Espejismos»4:19
7.«Dejar todo bajo el mismo control rutinario»1:41
8.«Lo invencible en el viento»2:29
9.«Espacios blancos sin fondo»4:02
10.«La sombra del silencio»3:57

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ignacio del Pórtico[endre | endre wikiteksten]

  • Ignacio Acevedo – vokal, gitarar, bass, keyboard og perkusjon
  • Lisandro Rivas – gitar og slagverk på «Algo mejor»

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Ignacio Acevedo – produsent
  • Lucas Lichowski – mastering
  • Macarena Ibarra – fotografi og coverdesign[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Ignacio del Pórtico». Bandcamp.com. Henta 29. august 2016. 
  2. 2,0 2,1 Martinez, Rogelio (8. januar 2016), «Ignacio del Pórtico - Disco "Regalos del Sosiego"», Rock-Misionero Blogspot.com, henta 1. september 2016 
  3. 3,0 3,1 Ferreyra, Matías (30. juni 2015), «Ignacio del pórtico: dream pop desde Misiones», Indiehoy, henta 27. august 2016 
  4. Lombardich, Ivan (21. august 2015), «Discos 2015: Ignacio del Pórtico – “Regalos del Sosiego”», Pastizales Burning, arkivert frå originalen 22. juni 2016, henta 12. september 2016 
  5. Segundo, David (9. desember 2015), «Recorran un mundo sideral con 'Regalos del sosiego' de Ignacio del Pórtico», RBMA Radio, henta 10. september 2016 [daud lenkje]