Resirkulert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Resirkulert

OpphavStorfjord
Aktiv2013–d.d.
Sjangerpoprock
MedlemmerEmil Karlsen, Johan Edvard Gamst-Eriksen, Knut Rye-Holmboe, Runar Hellesø, Joakim Åsmund Hansen, Jonas Stenberg Nilsen, Håkon Lund, Edvard Brønseth, Espen Mortensen, Isak Bakkeli, Marie Sofie Mikkelsen, Karoline Stensland, Sveinung Mellem Engvik, Robin Røsting Mathisen, Kristian Bruun Lorentzen
PrisarSami Music Awards

Resirkulert er eit norsk poprock-band frå Storfjord i Troms, som også har hatt base i Tromsø. Dei gjev ut musikken sin på det tromsøbaserte plateselskapet Mano Music.[1]

Bandet vart oppretta i 2013 og deltok same år på UKM der dei kom vidare til landsfestivalen i Larvik.[2] Også i 2014 kom dei vidare til landsfestivalen.[3] Året etter fekk bandet Ungdommens Kulturpris i Storfjord ved den fyrste utdelinga av prisen.[4]

Same år, i 2015 sleppte dei debut-EP-en Blåmaling og spela på fleire festivalar i laupet av sommaren, mellom anna Riddu Riđđu.[5]

Det fyrste albumet, Du snakke for dæ sjøl, kom i 2017 til god respons frå avisa iTromsø.[6] I 2019 kom oppfylgjaren For en dag, for et liv som også vart teke godt imot lokalt.[7] Same år vann gruppa prisen Årets unge artist under Sámi Music Awards.[8]

Hausten 2022 annonserte bandet at dei skulle gje seg etter ein avskjedsturné i 2023.[9]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • Du snakke for dæ sjøl, 2017
  • For en dag, for et liv, 2019

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • Blåmaling, 2015

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • Nederst på lista, 2015
  • Før æ går til mitt, 2016
  • Undervannsfest, 2016
  • En million, 2017
  • Filosofen, 2017
  • Grav dæ ned igjen, 2017
  • Over vannet, 2018
  • Áddjá, 2018
  • Papirtiger, 2019
  • Palass, 2019
  • Feil vei, 2019
  • For en dag, 2019
  • Ut i huttiheita (vis oss vei), 2020
  • Vagabond, 2022
  • Du så mæ dra, 2023

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artists» (på engelsk). Mano Music. Henta 18. juni 2023. 
  2. Thomas Wahlgren (27. juni 2013). «Storfjordband rocker i Larvik» (på norsk bokmål). Framtid i Nord. s. 14. 
  3. Thomas Wahlgren (6. april 2014). «Storeslem for Storfjord» (på norsk bokmål). Framtid i Nord. s. 16–17. 
  4. «2015: Resirkulert», www.storfjord.kommune.no (på norsk), 22. desember 2016, henta 18. juni 2023 
  5. Thomas Wahlgren (6. juni 2015). «Lanserer debut-EP» (på norsk bokmål). Framtid i Nord. s. 11. 
  6. Myreng, Kent-Einar (8. september 2017), ««Frisk indiepop man bare må like»», itromso.no (på norsk), henta 18. juni 2023 
  7. Nikolaisen, Rudi (11. oktober 2019), «En oppvisning i popteft og godt håndverk», itromso.no (på norsk), henta 18. juni 2023 
  8. Skog, Helge (11. februar 2019), «Tromsø-band vant samisk musikkpris», itromso.no (på norsk), henta 18. juni 2023 
  9. Skog, Helge (30. oktober 2022), «(+) Etter 10 år legges Tromsø-bandet ned, men først blir det ny musikk og avskjedsturné», itromso.no (på norsk), henta 18. juni 2023