Resultantkraft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kraftparallellogram som syner resultantkrafta (Fnet).

Ein resultantkraft i fysikk er den krafta som vil ha same verknad som to eller fleire enkeltkrefter og som ein finn ved vektoraddisjon når ein dannar eit kraftparallellogram.

Nemninga resultant blir òg brukt om summen av andre vektorar, i tydinga resultantkonduktans, resultantresistans osb

Dersom ein lekam er påverka av krefter, kan vi tenkje oss at desse vert erstatta av éi kraft som påverkar lekamen på same måte. Denne tenkte krafta kallar vi «resultantkrafta» eller «summen av kreftene», fordi han, i fylgje den såkalla Newtons nulte lov, er vektorsummen av kreftene.Vektorsummen av to krefter kan ein synleggjere ved å teikne eit kraftparallellogram, der summen er diagonalen frå åtakspunktet til kraftvektorane. Omgrepet inngår i Newtons første og andre lov som handlar om samanhengen mellom krefter på gjenstandar og rørsla deira.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]