Riddarholmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Riddarholmen sett frå nordvest
Stockholm sin grunnleggjar Birger jarl som statue på Riddarholmen. Foto: Tage Olsin

Riddarholmen er ei øy i innsjøen Mälaren og ein bydel i Stockholm. Administrativt høyrer Riddarholmen til bydelsforvaltninga Södermalm. Flatemålet gjer holmen til den minste bydelen i Stockholm. Ifølgje folketeljinga i 2004 budde berre to personar på Riddarholmen.

I den så kalla Erikskrøniken frå 1320-åra vart Riddarholmen omnemnt som Kidaskär (Kidhaskär). Namnet er truleg sett saman av ledda skjer og kidh, norrønt for kje/killing. I 1270 løyvde kong Magnus Ladulås midlar til bygging av eit kloster under Fransiskanarorden på holmen. Etter det vart øya kalla Gråbrödraholm, Gråmunkeholm eller Munckholmen. Namnet Riddarholmen vart fyrst nytta i 1638.

På Riddarholmen finn ein mange historiske, interessante bygningar. Riddarholmskyrkan ligg attmed plassen Birger Jarls torg og er - slik namnet ymtar om - adelsslektene si spesielle kyrkje. Langs kyrkjeveggene er slektene representert ved våpenskjolda sine. Òg skjold etter fleire norske adelsslekter finst å sjå. Fleire svenske kongelege personar er gravlagde i denne kyrkja, til dømes Karl XII.

Riddarholmen er òg sete for Svea hovrätt. Fleire historiske palass står til retten sitt rådvelde: Wrangelska palatset, Hessensteinska palatset og Schering Rosenhanes palats. I den tidlegare palamentsbygningen Gamla riksdagshuset ligg Birger Jarls tårn, det eldste rommet i heile Stockholm. Gamla riksdagshuset kjem best til syne frå sørsida av Riddarfjärden.


Kjende personar med tilknytting Riddarholmen[endre | endre wikiteksten]