Rigoletto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rigoletto

Park Kyung Jun som Rigoletto i 2015.
Språkitaliensk
Tilverting1850
Sjangeropera
Utgitt19. hundreåret
Uroppføring11. mars 1851

Rigoletto er ein opera av Giuseppe Verdi, ein del av den populære trilogien av operaer (La trilogia popolare) i lag med La traviata og Il trovatore. Han blei uroppført på Teatro La Fenice i Venezia den 11. mars 1851.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Operaen er basert på Victor Hugo sitt skodespel Le Roi s'amuse, men måtte skrivast om for å tilfredsstilla politiske krav. Italia bestod den gongen (midt på 1800-talet) av ei rekkje kongedømme, og Giuseppe Garibaldi skulle om kort tid gjennomføra samlinga av Italia, og dessutan føra krig mot Austerrike for å frigjera Venezia. Verdi valde derfor å gjera operaen litt mindre eksplosiv enn Le Roi s'amuse.

Fyrste akt[endre | endre wikiteksten]

Angelo Masini som hertugen av Mantova kring 1882.

Scene 1[endre | endre wikiteksten]

Stad: Slottet til hertugen av Mantova på 1600-talet

Hertugen av Mantova, ein slu bedårar, har nyleg oppdaga ei kvinne han ikkje har forført enno, og skryt av at han har tenkt å gjera det. Kvinna er grevinna av Ceprano, og heile hoffet, blant dei ektemannen hennar, er til stades. Etter at hertugen har flørta litt med henne, ler hoffnarren Rigoletto av mannen hennar, som ikkje vågar forsvara æra si, og fleipar med at hertugen burde senda han og dei andre mennene i fengsel eller til rettarstaden slik at hertugen kunne boltra seg fritt med kvinnene ved hoffet.

Dette blir for mykje for adelsmennene. Ein annan mann, greven av Montrone (som dottera til er ein av dei tidlegare erobringane til hertugen), kastar ei forbanning over den frekke klovnen Rigoletto.

Scene 2[endre | endre wikiteksten]

Frå ei framføring av Rigoletto ved Florida Grand Opera i 2022.

Stad: Heimen til Rigoletto

Rigoletto blir bekymra over forbanninga, og oppsøkjer leigemordaren Sparafucile. Han besøkjer deretter dottera si Gilda, som han held i skjul frå hertugen. Gilda får berre forlata huset for å gå i kyrkja. Etter at Rigoletto har forlate dottera si, dukkar hertugen opp. Han har møtt Gilda i kyrkja, framstilt seg som ein fattig student, og er i gang med å forføra henne. Dei blir forstyrra av fottrinn, og Gilda fryktar at faren har kome heim og at vil oppdaga at ho har ein mann på besøk. Ho og hertugen snik seg ut av huset. Ikkje før har Gilda vinka farvel til «studenten», dukkar adelsmennene frå hoffet opp. Dei har nemleg sett Rigoletto, trur Gilda er elskarinna hans, og bestemmer seg for å bortføra henne.

Andre akt[endre | endre wikiteksten]

Adelsmennene oppsøkjer hertugen og fortel at dei har kidnappa elskarinna til Rigoletto, men hertugen forstår av skildringa at dei har kidnappa Gilda, som hertugen er blitt forelska i. Han er ikkje lenger berre oppteken av å forføra henne, og skunder seg til henne for å fortelja kven han eigentleg er. Gilda er også blitt forelska i hertugen, og når Rigoletto finn henne og oppdagar dette, tek han henne med seg medan han kastar ei forbanning over hertugen.

Tredje akt[endre | endre wikiteksten]

«La donna è mobile» framført av Enrico Caruso, med engelsk tekst.

Stad: Huset til Sparafucile

Hertugen er på besøk hjå systera til Sparafucile, Maddalena. Han er trist over å ha mista Gilda, og har drukke seg full. Hertugen syng det mest kjende stykket til operaen, «La donna è mobile», om den generelle humørsjuka og utruskapen til kvinner.

Rigoletto tek Sparafucile til side og ber han om å drepa vennen til systera, som Sparafucile ikkje kjenner. Han tek på seg oppdraget.

Rigoletto ber også dottera forlata byen, forkledd som ein mann. Men Gilda fryktar for hertugen, og returnerer til Sparafucile sitt hus for å åtvara hertugen.

Gilda blir drepen i staden for hertugen. Då Rigoletto kjem tilbake til Sparafucile for å betala for drapet, blir han overrekt ein sekk han trur inneheld liket til hertugen. Men rett før han skal kasta posen i sjøen høyrer han stemmen til hertugen, opnar sekken, og oppdagar til forskrekkinga si den nær døde dottera si. Ho erklærer med siste andedrag at ho er glad for at ho døydde i staden for den elska hertugen sin. «Gilda! mia Gilda! È morta! Ah! la maledizione!» ropar Rigoletto. Forbanninga (la maledizione) har ramma han til slutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Andersen, Rune J. (23. august 2023). «Rigoletto». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Rigoletto