Giuseppe Verdi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giuseppe Verdi (1886). Måleri av Giovanni Boldini.
Signaturen G. Verdi

Giuseppe Fortunino Francesco Verdi (10. oktober 181327. januar 1901) var ein av dei største italienske operakomponistane. Han er kjend for verk som Nabucco, La Traviata og Aïda.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Verdi blei fødd i Roncole i hertugdømet Parma, som då var okkupert av Frankrike under Napoleon, og flytta i 1824 til Busseto der han byrja musikalske studie med Ferdinando Provesi.

Han komponerte ein ouverture til Il Barbiere di Siviglia av Gioacchino Rossini, og flytta til Milano, men fekk ikkje plass ved konservatoriet der. Han hadde derfor private studie med Vincenzo Lavigna.

Etter nokre vanskelege år fekk han gjennombrotet sitt med librettoen til operaen Nabucco i 1842. I løpet av dei neste fem åra blei Verdi stadig meir berømt, først i Italia og Europa, og seinare også i USA.

I tida 1844–1850 skreiv Verdi fleire operaer, mellom anna Ernani, Macbeth og Luisa Miller. Operaene blei gradvis meir fyldige og orkesteret fekk ein større og kraftigare rolle. Inspirasjonen til Verdi kom først og fremst frå store operakomponistar som Rossini, Mercadante og Donizetti.

For Verdi var det viktig at det også var ei historie bak ein opera, og han gjekk grundig gjennom librettoane sine. På slutten av denne perioden blei dei største og mest populære Verdi-operaene skapt; først og fremst Rigoletto, som blei oppført i Venezia. Seinare, og med like stor popularitet, blei Il trovatore sett opp i Roma i 1853. La Traviata blei sett opp berre seks veker seinare, først utan å bli vel motteken, men blei ein suksess ved ei nyoppsetjing året etter.

I 1870 tok Verdi til å arbeida med Aïda, som fekk si uroppføring i Kairo i slutten av 1871. Etter dette trekte komponisten seg tilbake frå operaskrivninga, og verka hans frå 1873 omfattar mellom anna ein strykekvartett og eit rekviem over diktaren Allessandro Manzoni.

I 1879 blei Verdi oppfordra til å skrive nok ein opera, Otello. Verdi brukte då mykje tid på å revidera dei tidlegare operaene sine, og Otello blei først ferdig i 1886. Operaen blei uroppført i Milano i 1887. Den siste operaen til Verdi tok også utgangspunkt i eit skodespel av William Shakespeare; Falstaff, frå 1893.

Dei siste åra tilbrakte Verdi som ein rik og respektert mann i Milano. Då han døydde i 1901 blei han hylla i gatene av Milano av meir enn 28 000 menneske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Giuseppe Verdi