Hopp til innhald

Fylkesveg 615

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Riksveg 615)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 615 (fleirtyding).
Fylkesveg 615
615
Strekning
Sandane i Gloppen – Storebru i Kinn
Fylkesveg 615
Informasjon
Lengd 69,9 km
Status
Fylke
fylkesveg
Vestland
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 615 Fylkesveg 615
Over Storebrua i Sandane
Over Å bru i Hyen

Fylkesveg 615 (Fv615) går mellom Sandane i Gloppen kommune og Storebru i Kinn kommune.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg. Etter at forvaltingsreforma trødde i kraft fekk han status som fylkesveg.

Dåverande Riksveg 615 (Rv615) vart bygd frå noverande Riksveg 5 Storebru til Hyen, og samstundes vart dåverande Riksveg 612 lagt frå det gamle hovudvegkrysset (Fv5731 Nordstrandsvegen x 615 Sørstrandsvegen x 615 Breimsvegen) i Sandane til Hestenesøyra. Mellom Hyen og Hestenesøyra gjekk det ferje med tilknyting til Anda og Lote. Den nye vegen mellom Hyen og Hestenesøyra opna den 1. juni 1989 som ei forlenging av Riksveg 615, og året etterpå vart Riksveg 612 lema inn som del av vegen. Med dette vart det òg slutt på ferjesambandet mellom Hyen og Hestenesøyra.

Den 3. november 2001 vart ny det opna ein ny vegtrasé for Europaveg 39 mellom Andenes og Valborgkleiva, og som fylgje av det vart den gamle traséen mellom Sandane hovudvegkryss og Valborgkleiva del av Rv 615.

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]
Gloppen kommune

Breimsvegen

Sørstrandsvegen

Hyevegen

Kinn kommune
  • Støylsvika → kommunal veg til Lykkjebøen
  • Fylkesveg 615 Storebru

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]