Ringane til Jupiter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samansett Galileo-bilete av ringane til Jupiter
Illustrasjon av ringane til Jupiter

Ringane til Jupiter er eit system av planetariske ringar kring Jupiter. Dei vart oppdaga i 1979 på bilete tekne av Voyager 1 som flaug forbi Jupiter. Ringane til Jupiter vert delte opp i tre hovuddelar: gossamer-ringane, ein brei og flat hovudring og ein tjukk indre ring kalla haloen.

Ringane er sannsynlegvis støv kasta av små månar under nedslag av andre objekt. Gossamer-ringane vert avgrensa av banene til Amalthea og Thebe, medan Adrastea og Metis går i bane rett utanfor hovudringen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]