Jupitermånen Himalia
| Oppdaging | |
|---|---|
| Oppdagar | C. D. Perrine |
| Oppdaga dato | 3. desember 1904 |
| Baneparametrar | |
| Middelradius | 11 443 000 km |
| Eksentrisitet | 0,112-0,207 |
| Omløpsperiode | 250,1d |
| Banehelling | 4,5-51,9° |
| Er ein satellitt til | Jupiter |
| Fysiske eigenskapar | |
| Middeldiameter | 170 km |
| Overflateareal | ikkje oppgitt |
| Masse | 6,74·1018 kg |
| Middeltettleik | 2,6 g/cm3 |
| Overflategravitasjon | 0,062 m/s2 |
| Overflategravitasjon (Jorda = 1) |
0,00633 |
| Rotasjonsperiode | 7,782 t |
| Aksehelling | ?° |
| Albedo | 0,04 |
| Overflatetemp. | ukjend |
| Atmosfærisk trykk | 0 kPa |
Himalia er ein jupitermåne som vart sett for første gong den 3. desember 1904 av Charles Dillon Perrine, som observerte han frå Lick-observatoriet i California. Etter opdaginga vart månen formelt kalla for Jupiter VI, og også Hestia etter åregudinna. Først i 1975 fekk den sitt noverande namn etter nymfa Himalia, som ifølgje gresk mytologi fekk tre søner med Zevs.
På veg mot Planeten Saturn, tok romsonden Cassini den 19. desember 2000 eit grovkorna bilete av Himalia, men desverre gjorde avstanden det umogleg å avsløre overflatedetaljar på den mørke kloden. Ein trur at månen består av klippemateriale og i mindre grad is.
Himalia er det største medlemmen av ei underinndeling av Jupiter sine månar som vert kalla Himalia-gruppa, alle med ein avstand på 11 til 13 millionar kilometer til Jupiter, og med banehellingar rundt 27,5 grader.
|
|
|||||
|---|---|---|---|---|---|
| Lista opp etter tilnærma avstand frå Jupiter. Mellombels namn med skrå skrift. | |||||
| Dei indre månane | Metis · Adrastea · Amalthea · Thebe | ||||
| Dei galileiske månane | Io · Europa · Ganymede · Callisto | ||||
| Themisto-gruppa | Themisto | ||||
| Himalia-gruppa | Leda· Himalia · Lysithea · Elara · S/2000 J 11 | ||||
| Carpo-gruppa | Carpo | ||||
| S/2003 J 12 | |||||
| S/2011 J 1 | |||||
| Ananke-gruppa |
|
||||
| Carme-gruppa | Herse · S/2003 J 10 · Pasithee · Chaldene · Arche · Isonoe · Erinome · Kale · Aitne · Taygete · S/2003 J 9 · Carme · S/2003 J 5 · S/2003 J 19 · Kalyke · Eukelade · Kallichore | ||||
| Pasiphaë-gruppa | Eurydome · S/2003 J 23 · Hegemone · Pasiphaë · Sponde · Cyllene · Megaclite · S/2003 J 4 · Callirrhoe · Sinope · Autonoe · Aoede · S/2011 J 2 · S/2010 J 1 · Kore | ||||
| S/2003 J 2 | |||||
| Ringane til Jupiter | |||||