Robert Christgau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robert Christgau

Robert Christgau (fødd 18. april 1942) er ein amerikansk essayist, musikkjournalist og sjølvutnemnd «Dean of American Rock Critics» (dekan for dei amerikanske rockekritikarane).[1]

Christgau vart fødd i New York. Han seier at han vart ein rock and roll-fan då discjockeyen Alan Freed kom til byen i 1954. Han forlét New York for å byrje på college i New Hampshire, der han vart uteksaminert i 1962. Under collegetida vart han meir interessert i jazz, men vende tilbake til rock and roll så snart han kom tilbake til New York.

Til å byrje med skreiv han noveller, før han i 1964 vart sportjournalist og seinare politireportar for Newark Star-Ledger. Christgau byrja som frilansar etter at ein reportasje om dødsfallet til ei kvinne i New Jersey vart publisert i New York Magazine. Han vart forespurt om å ta over den inaktive musikkspalten i Esquire, og byrja der i 1967. Då Esquire la ned spalta flytta han over til The Village Voice i 1969 og tok attpåtil ein jobb som collegelærar.

I 1972 vart han fast tilsett av Newsday, men vende i 1974 tilbake til Village Voice som musikkredaktør. Frå 1974 til 2006 var han ansvarleg for Village Voice si Pazz & Jop-liste. I 2006 fekk han sparken «for taste» (for smak) kort etter å ha vorte kritisert av New Times Media.[2] To månader seinare byrja han å skrive for Rolling Stone Magazine.

Christgau har òg regelmessig skrive for Playboy, Spin, Creem og Blender. I 2005 vart han professor på Clive Davis Department of Recorded Music på New York University.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]