Robin Williams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Robin Williams underheld marinetroppar frå Sambandsstatane

Robin McLaurin Williams (fødd 21. juli 1952) er ein amerikansk filmskodespelar og komikar. Han vart fødd i Chicago i Illinois, og voks opp i Bloomfield Hills i Michigan og i Marin County i California. Far hans, Robert Fitzgerald Williams, var av skotsk, walisisk og irsk opphav, og var leiar for Ford Motor Company i Midtaust-USA. Mora til Williams var fødd i New Orleans, og var fotomodell.

Williams fekk merksemd då han gjorde eit stand-up-show i San Francisco. Etter å ha fullført studiane ved Claremont McKenna College, og ved Juilliard Drama School, fekk han ei rolle av Gerry Marshall i fjernsynsserien Happy Days som romvesenet «Mork». «Mork» vart så populær blant sjåarane at det førde til ein eigen fjernsynsserie, Mork and Mindy, som gjekk i USA frå 1978 til 1982.

Størsteparten av skodespelarkarrieren til Williams har vore innan kinofilmar, men han har òg hatt nokre nemneverdige opptredenar på teaterscena òg. Dei fyrste hovudrollene hans var i filmane Popeye (Skipper'n) i 1980, og The World According to Garp (Garp og hans verden) i 1982. Begge desse filmane hadde eit lågt billettsal, men filmen Good Morning, Vietnam frå 1987 vart nominert til Oscar, og gjorde at Williams vart verdskjend som skodespelar. Williams er òg kjend som ein flink stemmeskodespelar, og har gjeve stemme til fleire animerte filmar, som filmen Aladdin frå 1992 og Robots (Robotene) frå 2005.

I 1997 vann Williams Oscar for beste birolle, etter opptredenen hans som psykolog i Good Will Hunting (Den enestående Will Hunting).

Williams er òg godt kjend for sine ville improteater-eigenskapar og parodiar. Han er ein talentfull imitator, og kan gå ut og inn av roller svært fort. Williams har sagt at han byrja med parodier og imitasjonar som barn, då han etterlikna sørstatsdialekta til tanta si. Han har òg delteke som gjest på improvisasjonsprogrammet Whose Line Is It Anyway?.

Det fyrste ekteskapet til Williams var med Valerie Velardi og byrja 4. juni 1978. Dei to fekk eit barn saman, Zachary. Dette ekteskapet enda i 1988, og i 1989 gifta han seg for andre gong, med Marsha Garces. Dei fekk to born saman.

Williams og kona hans grunnla Windfall Foundation, ein filantropisk organisasjon som samlar inn pengar til fleire veldedige saker. Williams brukar mykje energi på veldedigheitsarbeid, blant anna for Comic Relief. Han er òg ein sykkelfan, og skal visstnok eige hundrevis av syklar. Gjennom si interesse for sykling er han ein god ven og tilhengjar av Lance Armstrong og stiftinga hans, og opptrer ofte for den.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • Can I Do It ’Till I Need Glasses? (1977)
  • Popeye (1980)
  • The World According to Garp (1982)
  • The Survivors (1983)
  • Moscow on the Hudson (1984)
  • The Best of Times (1986)
  • Club Paradise (1986)
  • Seize the Day (1986)
  • Good Morning, Vietnam (1987)
  • Portrait of a White Marriage (1988, cameo-opptreden)
  • The Adventures of Baron Munchausen (1988, ukreditert)
  • Dead Poets Society (1989)
  • Cadillac Man (1990)
  • Awakenings (1990)
  • Dead Again (1991)
  • The Fisher King (1991)
  • Hook (1991)
  • I’m From Hollywood (1992, dokumentar)
  • Shakes the Clown (1992)
  • FernGully: The Last Rainforest (1992, røyst)
  • The Timekeeper (1992, Disneypark-film, røyst)
  • Aladdin (1992, røyst)
  • Toys (1992)
  • Being Human (1993)
  • Mrs. Doubtfire (1993, også produsent)
  • Nine Months (1995)
  • To Wong Foo, Thanks for Everything! Julie Newmar (1995, cameo-opptreden)
  • Jumanji (1995)
  • Aladdin and the King of Thieves (1995)
  • The Birdcage (1996)
  • Jack (1996)
  • The Secret Agent (1996)
  • Hamlet (1996)
  • Father’s Day (1997)
  • Deconstructing Harry (1997)
  • Flubber (1997)
  • Good Will Hunting (1997)
  • What Dreams May Come (1998)
  • Junket Whore (1998, dokumentar)
  • Patch Adams (1998)
  • Get Bruce (1999, dokumentar)
  • Jacob the Liar (1999, også medprodusent)
  • Bicentennial Man (1999)
  • A.I. (2001)
  • One Hour Photo (2002)
  • Death to Smoochy (2002)
  • Insomnia (2002)
  • The Rutles 2: Can’t Buy Me Lunch (2002, cameo-opptreden)
  • The Final Cut (2004)
  • House of D (2004)
  • Noel (2004, cameo-opptreden)
  • The Aristocrats (2005, dokumentar)
  • Robots (2005, røyst)
  • The Big White (2005)
  • In Search of Ted Demme (2005)
  • The Night Listener (2006)
  • Happy Feet (2006, røyst)
  • RV (2006)
  • August Rush (2006)
  • The Krazees (2006)
  • Night at the Museum (2006)
  • License to Wed (2007)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]