Rock Hudson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rock Hudson i traileren til Giant.

Rock Hudson (17. november 19252. oktober 1985) var ein amerikansk filmskodespelar, opphavleg kalla Roy Harold Scherer Jr.

Som ung tenestegjorde Scherer som flymekanikar på Filippinane under andre verdskrigen. I 1946 drog han til Los Angeles for å prøva å bli skodespelar. Han ikkje kom inn på dramalinja ved University of Southern California, men medan han arbeidde som lastebilsjåfør møtte han tilfeldigvis talentspeidaren Henry Willson, som blei agenten hans. Willson føreslo artistnamnet hans, «Rock» frå Rock of Gibraltar og «Hudson» etter Hudson-elva.

Hudson var mykje likt på 1950- og 1960-talet, og blei Oscar-nominert i 1956 for rolla i filmen Giganten. I 1960-åra medverka han i fleire komediar der han spelte mot Doris Day. Han spelte også i thrillerar, ein western med John Wayne, og i filmatiseringa av Hemingway-romanen A Farewell to Arms. På 1970-talet spelte han inn fleire fjernsynsfilmar. Den siste rolla hans var i såpeoperaen Dynastiet.

Rock Hudson med Nancy og Ronald Reagan i 1984.

Hudson var homofil, noko som passa dårleg inn for ein svært «mannleg» skodespelar i Hollywood på stordomstida hans. Hudson og Willson klarte å skjula legninga gjennom heile karrieren hans. I 1955 gifta Hudson seg med sekretæren til Willson, Phyllis Gates, men dei skilde seg etter tre år.

På 1980-talet skranta både helsa og karrieren til Hudson. Hjarteproblem og ein operasjon førte til at det nystarta fjernsynsshowet hans, The Devlin Connection, måtte utsetjast og seinare blei tatt av lufta. I 1984 fekk han diagnosen HIV, men sjukdommen blei halden hemmeleg og i staden kalla kreft heilt til Hudson sjølv stod fram og fortalde at han heldt på å døy av AIDS i juli 1985. Han døydde i oktober det året. Ved å stå fram offentleg og gje den tabubelagte sjuka eit ansikt, skapte Hudson ein mediestorm og endra synet på sjukdommen.[1]

Filmar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Rock Hudson i Written on the wind frå 1956.
  • 1948 Fighter Squadron
  • 1952 Bend of the River
  • 1954 Magnificent Obsession
  • 1955 All That Heaven Allows
  • 1956 Giant (Giganten)
  • 1956 Written on the Wind
  • 1957 The Tarnished Angels
  • 1959 Pillow Talk
  • 1964 Man's Favorite Sport
  • 1965 Strange Bedfellows
  • 1968 Ice Station Zebra
  • 1969 Darling Lili
  • 1971-76 McMillan and Wife (TV-serie)
  • 1980 The Mirror Crack'd
  • 1981 Thee Devlin Connection (TV-serie)
  • 1984-85 Dynastiet (TV-serie)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]